Fugløya i Kristiansund
63°05′40″N 07°46′07″E / 63.09444°N 7.76861°E
Fugløya | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Kristiansund kommune | ||
Folketal | 0 | ||
Fugløya i Kristiansund 63°05′42″N 7°46′03″E / 63.094914°N 7.76742°E |
Fugløya er ei øy som ligg i Bolgsvaet mellom Freiøya og Nordlandet i Kristiansund kommune. Arealet er på 220 dekar.
Freding og kulturminne
[endre | endre wikiteksten]Fugløya var planlagt innlemma i ei utbygging av industriområdet på Husøya i tidlegare Frei kommune. Øya vart, etter ein folkeaksjon i kommunen, kåra til kulturminne for kommunen i kulturminneåret 1997 og vart samstundes freda.[1]
Formannskapet i Frei kommune prøvde å sette resultatet av avstemminga til side, og vedtok i staden å kåre Rastarkalv til kommunen sitt kulturminne. Dette vedtaket vart overprøvd av sekretariatet i kulturminnestafetten, som slo fast at det var kommunen sine innbyggjarar som skulle avgjere.[2] Øya vart òg vald til kulturminne for Møre og Romsdal fylke.
Busetnad
[endre | endre wikiteksten]Øyen er i dag ikkje busett, men i mange år budde brørne Frank og Roald Thoresen på øya og dreiv med tradisjonelt fiske. Eit portrettprogram med brørne har vore sendt på TV Nordmøre.
Fugleliv
[endre | endre wikiteksten]Fugløya var rekna som den viktigaste hekkeplassen for sjøfugl i Frei, og i 1998 hekka mellom 150 og 200 fiskemåsepar her saman med 20-30 par raudnebbterner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kulturminnestafetten - Folkets kulturminner - en presentasjon av 429 valgte kulturminner». riksantikvaren.no. Henta 20. mars 2007.
- ↑ «Nekter å underskrive kulturminnedokument». Radio 1 Index Nordvest. 24. juli 1997. Henta 20. mars 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fugløya bør vernes. Leiar i lokalavisa Tidens Krav 3. mars 2006